Før jul blei det kjent at Rikshospitalet
No er kronprinsesse Mette-Marit sett på lista for lungetransplantasjon, melder Slottet.
Ho har lungefibrose, og sjukdommen har forverra seg.
– Det einaste som kan kurera dette til sist, er å byta lunger, altså ein transplantasjon.
Are Martin Holm
Lungelege ved Rikshospitalet
I denne saka kan du lesa om:
Sjukdommen
Det er fleire lungesjukdomar som utviklar seg på ein sånn måte at transplantasjon kan bli einaste alternativ.
artar seg slik. Ein tredel til halvparten av dei som får nye lunger har denne sjukdommen.
Lungefibrose
Sjukdommen fører til at det blir danna arrvev i lungene.
Lungefibrose
Unormal
arrdanning i
lungeblæra
Frisk lunge
Normalt lungevev i lungeblæra
Dette gjer lungene stive, slik at det blir vanskeleg å pusta og få nok oksygen.
Sjukdommen kan ikkje kurerast, og blir vanlegvis verre over tid.
Lungefibrose utviklar seg ofte i trinn. Det kan vera stabilt ei stund, og så får du eit fall.
– Og i løpet av 2025 har kronprinsessa hatt nokre tydelege forverringar.
Are Martin Holm
Lungelege ved Rikshospitalet
Han er lungelegen til kronprinsesse Mette-Marit og er leiar for lungeavdelinga på Rikshospitalet, som har ansvaret for lungetransplantasjonar i Noreg.
Krava
I Noreg er det litt over 30 personar som får nye lunger kvart år. Til samanlikning blir det utført rundt 250 nyretransplantasjonar.
Det er fleire som treng nye lunger enn som får det, fordi det er få tilgjengelege lunger.
Krava for å koma på ventelista er strenge.
Ventelista
I snitt står 20–40 personar på venteliste i Noreg til ei kvar tid. I mars 2026 var talet rekordlågt med berre tre personar på lista. I juni er åtte personar på ventelista.
Overordna er det tre krav for å koma på lista:
- Pasienten har ei venta levetid på maks eitt til to år utan nye lunger.
- Det er over 80 prosent sannsynleg at pasienten lever minst fem år etter transplantasjonen.
- Pasienten må vera yngre enn 65 år.
15–20 % av dei som står på lista rekk ikkje å få nye lunger.
Du må altså vera så sjuk at du treng nye lunger, men så frisk at du toler ein transplantasjon.
– Tida for å koma på lista er når me trur at leveutsiktene er dårlege. Der er ikkje kronprinsessa enno, men me veit at dette er ein dødeleg sjukdom.
Are Martin Holm
Lungelege ved Rikshospitalet
Det er eit på Rikshospitalet som bestemmer om ein person skal setjast på ventelista.
Dei som står på lista er avhengige av eit lykketreff. For gjevar og mottakar må vera ein god match.
Matchen
Dei nye lungene må ha rett storleik for brystkassa.
Gjevar og mottakar må ha ein blodtype som passar kvarandre.
I tillegg må lungene vera friske og ikkje ha teikn til skadar.
Prioriteringa på kven som skal få dei livsviktige organa skjer altså i to omgangar:
Fyrst om dei blir sett på ventelista, og så kven frå ventelista som skal få lungene.
Holm understrekar at kronprinsessa ikkje vil bli prioritert framfor andre.
– Det er ikkje lurt å gje nokon særbehandling. Det kjem ikkje noko godt ut av det for nokon.
Are Martin Holm
Lungelege ved Rikshospitalet
Ventelista er ikkje nummerert. Om lungene passar til fleire på lista, er det den sjukaste som får lungene.
– Noreg er ikkje større enn at me kjenner dei som står der, og har regelmessig kontakt med dei, så då tar me den sjukaste, seier Holm.
Operasjonen
Når Rikshospitalet har fått ein match, tar dei kontakt med pasienten slik at han eller ho kjem seg til sjukehuset.
Det er berre Rikshospitalet som gjennomfører lungetransplantasjonar her i landet.
Transplantasjonen
Brystbeinet må splittast slik at brystkassa kan opnast.
Dei sjuke lungene blir fjerna før dei friske blir sette inn.
Kvar lunge må skøytast saman tre plassar:
Ein i luftvegane, ein i blodåra som fører blodet til lunga, og ein blodåra som fører blodet ut frå lunga.
– Den kirurgiske risikoen er blitt veldig mykje mindre dei 30–35 åra me har gjort dette. Men det er klart, det er ein stor operasjon, seier Holm.
Komplikasjonar kan skje både på operasjonsbordet og i tida etterpå.
Risikoen
– Det er ikkje nokon som har høgare overleving enn det me har i dei nordiske landa, men så er det nokon som har uflaks, seier Holm.
Prognose
Kroppen kan prøva å støyta vekk dei nye lungene, infeksjonar kan oppstå og skøyten i luftvegen kan gro dårleg.
Fråstøyting kan skje både akutt og kronisk, som er den mest alvorlege komplikasjonen etter lungetransplantasjon.
Ca. 85–90 prosent av pasientane er i live eitt år etter transplantasjonen.
Ca. 70–75 prosent av pasientane er i live fem år etter.
Ca. 50 prosent av pasientane er i live ti år etter.
For at ein person skal leva eit normalt liv etter lungetransplantasjon, må dei bruka immundempande medisinar livet ut. Dei får livslang oppfølging av Rikshospitalet.
– For alle som blir vurderte for lungetransplantasjon, så er alternativet tungt å tenkja på. Men det er viktig å ta innover seg, fordi i den situasjonen så er det einaste livreddande behandling, seier Holm